Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

Den internasjonale romstasjonen - Endeleg versjon?

Av Johnny Grøneng Aase

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 25. årgang, nummer 94, april-juni 1995, sidene 35-37 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

I november 1997 vil den fyrste komponenten i den internasjonale romstasjonen Alpha verte skoten opp i jordbane med ein russisk Proton bererakett. Dette vil vere den fyrste oppskytinga i ei lang rekke med russiske, amerikanske, vesteuropeiske, japanske og canadiske romstasjonsmodular.

Røtene til romstasjonen går heilt attende til president Reagan si regjeringstid. Han såg då føre seg ein stasjon som var eit reint vestleg prosjekt. I dei over ti åra som har gått har stasjonen endra seg fleire gonger, både i form og storleik. Då Clinton overtok i Det kvite huset vart likevel det dåverande utkastet sett på som for dyrt og ubrukeleg. Han gav ordre om at planane skulle reviderast nok ein gong. Resultatet vart ein stasjon som NASA seier at organisasjonen er i stand til å levere til ein pris og etter ein timeplan som Kongressen og Det kvite huset kan godta. Prislappen er på 2,1 milliardar dollar i året. Gjennomgangen førte og til at kommandostrukturen i prosjektet vart noko endra. 4000 personar vart rasjonalisert vekk i gjennomgangen.

Talsmenn i NASA seier at ein snart er klar til å bygge og teste utstyret som skal ut i bane. Dei selskapa som har fått dei største kontraktene - Boeing, Rocketdyne og McDonnell Douglas - reknar med at dei kan levere komponentane som dei har ansvaret for til prisen som vart avtalt i 1994.

Den største skilnaden mellom Alpha og den opprinnelege vestlege stasjonen Freedom er at Russland har gått inn som ein fullverdig partnar i prosjektet. Sovjetunionen/Russland har skote opp minst ni meir eller mindre vellykka stasjonar sidan 1971. Etter at Sovjetunionen tapte kampen om den første månelandinga konsentrerte landet seg om å sende kosmonautar til romstasjonar i låg jordbane, mellom anna for å finne ut korleis menneske reagerer på langvarig vektløyse. NASA kjem difor til å nytte seg av dei russiske erfaringane i konstruksjonsarbeidet.

Den nye romstasjonen

Alpha vil ha åtte trykkseksjonar der mannskapet på seks romfararar vil opphalde seg. Freedom skulle etter planen berre ha fire astronautar om bord. Dei ulike delane vil vere montert på ein lang, tversgåande berebjelke. Den nye stasjonen vil med andre ord av utsjånad skilje seg sterkt frå både Skylab, Mir-1 og Saljut-stasjonane. Den elektriske krafta kjem til å verte henta frå fleire store solcellepanel. Dei vil tilsaman produsere ein effekt på 110 kW. Nett som den amerikanske romferga vil Alpha vere utstyrt med ein canadisk-produsert manipulatorarm til å flytte nyttelaster rundt i rommet rundt stasjonen.

Ein har forhandla seg fram til at stasjonen skal plasserast i ei bane med ein ekvatorvinkel på 51,6°. Freedom ville hatt ein vinkel på berre 28,6°. Denne siste vinkelen var betre for romferga; det tilsvarte ei oppskyting rett mot aust frå Cape Canaveral. Grunnen til at ein auka vinkelen var at det skulle vere mogeleg å nå stasjonen frå Russland. Banehøgda vil framleis vere rundt 450 km.

Innvendig vil den nye romstasjonen vere spartansk utstyrt. Då Freedom vart teikna hadde ein som mål at astronautane skulle ha det så triveleg som mogeleg medan dei var i rommet. Ei standard ferd skulle etter planen vare i tre månader. No er fleire velferdstiltak skore vekk. Likevel er det på fleire punkt framgong frå tilhøva i romferga. No vil det til dømes vere mogeleg å dusje, og ein får tilgang til mat som er frose eller kjølt ned istadenfor frysetørka mat, som står på menyen i dag. Romfararane vil og kunne drive meir fysisk trening i tida dei er i rommet.

Etter påtrykk frå astronautane har NASA vald å utstyre ein del av stasjonen med eit «utkikkstårn», slik at romfararane kan studere stasjonen og rommet rundt han. På dei amerikanske Skylab-ferdene var slike jordobservasjonar ei særs populær fritidssyssel.

Ansvaret for å plukke ut dei ulike mannskapa er vorte lagt til Johnson Space Center. Dette er noko som tidlegast vil finne stad i 1996.

Oppskytingar

Den første byggesteinen vil som tidlegare nemnt verte sendt opp i november 1997. Denne nyttelasta skal produsere elektrisk kraft og stå for manøvrering av stasjonen. Den neste delen er ei samankoplingseining, som og vert sendt opp med ein Proton. Saman skal desse vente på den første amerikanske delen. Dette er ein liten tunnel som skal stå under trykk. Denne var ferdig i 1994, og skal testast ut i år. NASA reknar deretter med fire amerikanske oppskytingar dei neste tolv månadane av byggeperioden. Nyttelastene vil vere utstyr for kraftproduksjon, sambandsutstyr og delar av berebjelken.

Russarane vil i denne perioden og sende opp fire rakettar med nyttelast til Alpha. Ein ny og vidareutvikla Sojuz-kapsel kjem til å verte kontinuerleg stasjonert som eit redningsfarty ved stasjonen. I dag reknar ein med at ein Sojuz kan overleve eit opphald på tre månader i rommet. Dette skapte store problem for sovjetarane då ein ikkje fekk skifta ut kapselen til kosmonautane som var sendt opp i Sojuz-32. Desse var om bord i romstasjonen Saljut 6, og skulle etter planen byte romkapsel med kosmonautane i Sojuz-33. Dette var ei sovjetisk-bulgarsk romferd, og kosmonautane Nikolaj Rukavisjnikov og Georgi Ivanov skulle vere om bord i Saljut-6 i ei veke. Då motoren til Sojuz-33 svikta, måtte romfartyet naudlande. Russarane sendte då opp Sojuz-34 ubemanna for å hente dei to kosmonautane attende til Jorda.

Ein viktig milepæl vil vere passert når russarane sender opp den første trykkseksjonen. Denne er ei vidareutvikling av Mir-1, som vart skote opp i 1986. Tilsaman kjem Russland til å verte betalt 400 millionar dollar for desse tenestene.

Amerika vil ikkje få nokon trykkseksjon i bane før i november 1998. Denne vil verte skote opp om bord i romferga. Månaden etter vert den canadiske manipulatorarmen sendt ut i rommet. I 1999 vert det seks amerikanske oppskytingar relatert til Alpha.

Japan vil mellom anna bygge ein trykkseksjon, og ha ei arbeidsplattform plassert i vakuum. Dette vert sendt opp i år 2000. I februar året etter kjem den europeiske trykkmodulen Columbus til å verte skoten opp.

Ombygginga av stasjonen hadde mange konsekvensar, mellom anna at det vart færre kontrakter til amerikansk industri. Til dømes skulle McDonnell Douglas levere sju delar av berebjelken til Freedom og sju system til sjølve stasjonen. No er tala halverte. Dei andre oppgåvene er i stor grad overførte til Russland.

Risikoar

NASA arbeider for å redusere risikoen for astronautane som vil arbeide i stasjonen til eit minimum. I juni fekk organisasjonen overlevert ein rapport frå ein professor ved Massachusetts Institute of Technology, Jack Kerrebrock. NASA fekk her mange lovord for å ha bygd om og revidert kommandostrukturen rundt stasjonen, men Kerrebrock sette og spørsmålteikn ved fleire detaljar som var relaterte til Russland si rolle i prosjektet. Ein hadde ikkje fått all den dokumentasjonen som ein ynskte om det russiske utstyret. Russiske produksjonsmetodar, standardar og testprosedyrar skil seg og frå dei amerikanske. Dette såg han på som eit faremoment.

Ein kritiserte Freedom av di ein fullt og heilt gjorde seg avhengig av romferga. Arbeidet ville stanse opp dersom ferga vart sett på bakken, slik tilfellet var etter ulykka med Challenger i januar 1986.

Dette har endra seg etter at russarane kom med i prosjektet. Bygging og forsyning kan no skje ved hjelp av Proton-, Sojuz-, Zenit- og Ariane-rakettar. Over ein femårsperiode vil det vere naudsynt med over 90 oppskytingar for å bygge og etterforsyne romstasjonen. Ein ser og eit potensielt problem i å administrere så mange oppskytingar over eit så kort tidsrom.

Andre ser utfordringar på fleire område. Endringa i banevinkelen aukar vektproblema, ettersom romferga no kan ta færre kilo nyttelast til den aktuelle banehøgda på 450 km. Dette kan til ein viss grad opphevast ved å endre romferga, men dette kan og endre tryggleiken ved romfartyet. Ein har alt teikna og begynt å bygge ein lettare drivstofftank. Det er konkrete planar om å bruke meir kompakt fiberoptikk og auke skyvkrafta på hovudmotorane under oppskytinga.

Den nye bana fører til at romferga normalt vil ha eit oppskytingsvindauge på berre fem minutt; andre dagar kan det vere endå kortare. Det vil vere ein 50-58 % sjanse for å sende opp ei ferga i det fyrste oppskytingsvindauget. Over ein sjudagarsperiode kjem dette til å vekse til over 90 %.

Ein ny arbeidsdag for NASA

Den amerikanske romorganisasjonen har aldri tidlegare vore nøydd til å overvåke arbeid til ein årleg verdi av 100 millionar dollar utførd i Russland. NASA har sendt ein delegasjon på åtte personar til Moskva, medan russarane har endå mindre representasjon i Houston. Det er likevel lite truleg at desse tala kjem til å auke. NASA-sjefane samanliknar dette talet med delegasjonen i Paris, der ein liten stab held oppe kontakta med ESA. Teikn tyder på at ein kontaktperson vert fast beordra til Moskva for å halde auge med korleis framgangen i arbeidet er.

Ein har og tenkt over korleis ein kan unngå språkploblema som kan oppstå i eit slikt internasjonalt miljø. Fleire astronautar lærer for tida russisk, og NASA reknar med at russarane kan engelsk. Ein vil og i stor grad nytte seg av tolkar og oversetjarar av dokument.

På den internasjonale arenaen vil 1995 verte nytta til å setje opp den endelege avtalen som regulerer samarbeidet med Russland. Regjeringane i Japan, Canada og Vest-Europa underteikna ein tilsvarande avtale for fleire år sidan.

Val av brukarar

Medan kontrahentar og internasjonale samarbeidspartnarar konsentrerer seg om det tekniske utstyret i stasjonen, er brukarmiljøet meir interessert i kva som skal gå føre seg inne i stasjonen når han ein dag vert ferdig. Ein har enno ikkje plukka ut kven som skal få æra av å vere dei første brukarane. NASA ser føre seg at stasjonen vert utnytta på fleire måtar. Ein vil gje rom for nyttelaster innanfor forskingsfelt som mikrogravitasjon, biologi, teknikk eller kommersielle nyttelaster.

Det vil vere mogeleg å plassere fire nyttelaster i vakuumet utanfor stasjonen. Ein av tilkoplingsportane er reservert for kommersielt bruk. To nyttelaster er alt godkjende for utplassering: ei som skal undersøke korleis materiale vert påverka under slike tilhøve som ein finn i rommet, og eit aerosoleksperiment. Eit tilsvarande materialforsøk (LDEF)vart utplassert frå Challenger i 1984.

Til å hjelpe seg inne i stasjonen har forskarane ein standardpakke med ei sentrifuge på 2,5 meter, ein ovn og eit stort utval av laboratorieutstyr.

For å utnytte ressursane på best mogeleg og rettferdig måte vil USA få eit eige laboratorium, og får i tillegg nytte halvparten av dei europeiske og japanske modulane. Desse to partnarane vil kvar få ein åttandedel av stasjonen sin straum, datakraft og mannskapstid. USA vil få tre fjerdedelar av desse ressursane. Canada får 2,7 %.

USA har planar om å utnytte 60 % av landet sine ressursar i stasjonen til grunnforsking innanfor felta mikrogravitasjon og biologi. Resten skal nyttast til forsking på teknologi og kommersielt bruk.

Tekster til illustrasjoner brukt i artikkelen

Den internasjonale romstasjonen som man tenker seg den vil se ut når den er ferdig montert i år 2002.

Fase II vil inneholde elementer fra det amerikanske og det russiske romprogrammet. Et amerikansk solpanel vil bli montert på en liten bjelke på toppen av den amerikanske noden. Bjelken vil inneholde en gyrokontroller og kom­mu­ni­ka­sjons­an­ten­ner.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1995 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.