Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

Japan byggjer militære overvakingssatellittar

Av Johnny Grøneng Aase

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 29. årgang, nummer 109, januar-mars 1999, sidene 11-12 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

31. august 1998 skaut Nord-Korea opp eit missil som offisielt skulle plassere landet sin første satellitt i jordbane. Raketten, Taepo Dong 1, hadde to trinn. Første steget vart kopla frå over Japanhavet, 180 km frå oppskytingsstaden, etter eitt til to minutt. Resten av missilet flaug i fleire minutt før det datt ned 520 km aust for Sanriku i det nordaustlege Japan, 1600 km frå basen i det austlege Nord-Korea. Då det passerte apogeum (høgaste punktet i bana) vart eit lite objekt kopla frå resten av raketten. Ein reknar med at dette var ein satellitt som skulle komme opp i bane ved hjelp av ein eigen faststoffmotor.

Vi kan berre spekulere på kva oppdrag denne satellitten hadde, men det er nærliggjande å tru at han skulle drive ein eller annan form for politisk propaganda. Dette stemmer godt overeins med opplysningar i nordkoreansk presse. Den første kinesiske satellitten spelte til dømes landet sin nasjonalsong frå jordbane. I 1998 feira Nord-Korea at det var 50 år sidan staten vart oppretta, og dersom ein hadde fått til noko tilsvarande, ville det utan tvil ha vore ein enorm teknisk triumf for leiinga i det politisk isolerte landet.

Ein del av raketten datt ned rett aust for Sanriku. Dette, saman med det faktum at han passerte over japansk territorium, har fått store følgjer for japansk politikk. Medan ein i folkeretten har klare reglar for eit land sitt land- og sjøterritorium, er det ikkje gjort avtalar som avgrensar luftterritoriet. Japan ser på overflyginga som ei alvorleg grensekrenking. Etter andre verdskrigen har Japan vore ein pasifistisk stat. Ei ullen japansk lov frå 1969 seier at ein berre kan utnytte rommet til sivile føremål. Den tida er no truleg i praksis slutt.

Oppskytinga av det nordkoreanske missilet synte og at Japan er særs sårbart for angrep ved hjelp av ballistiske rakettar. Det skal truleg lite til for å utstyre Taepo Dong med masseøydeleggingsvåpen. Nord-Korea trekte seg frå ikkjespreiingsavtalen for kjernefysiske våpen i april 1993, men gjorde ein avtale med USA året etter om å fryse det nasjonale atomprogrammet mot å få gratis reaktorbrensel og tryggare reaktorar. I dag krev nordkoreanarane at USA skal betale 300 millionar dollar for å inspisere landet sine forskingsanlegg, eit utspel som skaper internasjonal uro. Kjemiske og biologiske våpen er relativt enkle og billege å produsere.

Japan har ikkje eigne kjernefysiske våpen, og har gjennom internasjonale avtalar gått med på heller aldri å skaffe seg slike. Øyriket kan difor ikkje gjengjelde noko nordkoreansk åtak med masseøydeleggingsvåpen. Det japanske luftforsvaret har ein flåte på rundt 300 jagarfly av typane F-15J og F-4E, fleire overvakingsfly for tidleg varsling av åtak og ein del rakettbatteri av typen Patriot. Under Gulf-krigen i 1991 vart slike rakettar nytta til å verne Israel og allierte nasjonar rundt Persiabukta mot irakiske Scud-rakettar.

Rett etter oppskytinga sette Mitsubishi Electric Corporation fram eit forslag om at Japan skal byggje sine første fire rekognoseringssatellittar. Dette er fullt lovleg etter internasjonal folkerett; Landkrigsreglementet opnar for å skaffe seg informasjon om motparten. Japan opererte inntil nyleg satellitten JERS som ved hjelp av radar og optiske sensorar hadde ei oppløysing på 18 m, men dette var ikkje godt nok til militære formål. Amerikansk etterretningsteneste gav den japanske regjeringa dei første bileta av raketten om ettermiddagen den 1. september, men ein ville ikkje opplyse om kva som var kjelda for desse opplysningane.

Japanarane likte dette naturleg nok lite, og alt den 10. september annonserte statsminister Keizo Obuchi at landet kunne komme til å skyte opp sin første rekognoseringssatellitt. Han fekk støtte for dette hjå den viktigaste opposisjonsleiaren, Naoto Kan, og ei arbeidsgruppe frå det styrande liberaldemokratiske partiet vart straks sett ned. Statsminister Obuchi godkjende 6. november å gjennomføre dette programmet, samstundes som regjeringa nedstemde eit forslag om å importere amerikansk teknologi. Ramma er på 1,7 milliardar dollar.

Japan skal byggje to ulike typar satellittar. Dei to første vil ha ein masse på 850 kg og ha kamera med ei oppløysing på ein til tre meter. Det andre paret veg 1200 kg, og har kvar sin SAR-radar med ei oppløysing på kring ein meter. Dei skal skytast opp i 500 km høge polare baner ved hjelp av japanske H-2A bererakettar. Ein vil ikkje basere seg på teknologi alt utvikla i tidlegare prosjekt, men begynne frå grunnen av. Ein av årsakene til dette er nok å gje nye oppdrag til japansk industri, som i dag slit med særs store problem. Landet har ei arbeidsløyse på 4,3 %, og den amerikanske økonomien legg stadig den japanske bak seg. Dette er det første positive teiknet for japansk romindustri på fleire år.

Ein del av utviklinga skal skje saman med bygginga av ein framtidig Advanced Land Observing Satellite (ALOS), som vert skoten opp sommaren 2002. Denne satellitten vil ha tre sensorar. Pancromatic Remote-Sensing Instrument for Stereo Mapping skal ha ei oppløysing på 2,5 m. Mitsubishi arbeider med ein betra versjon av Advanced Visible and Near Infrared Radiometer. Originalen var plassert på ein tidlegare ALOS-satellitt, som svikta. Selskapet arbeider og med eit radarinstrument som vert kalla Phased-Array-type L-band Synthetic Aperture Radar. Det første og siste instrumentet inngår i det militære utviklingsprogrammet.

Satellittane vil få fleire sivile oppgåver, til dømes vervarsling, hjelp ved naturkatastrofar og hindring av smugling og ulovleg innvandring.

Tekst til illustrasjon brukt i artikkelen

Nattleg oppskyting av den japanske bereraketten H-2. Ein ny versjon av denne raketten, H-2A, skal etter planen nyttast til å plassere dei fire planlagde japanske militære overvakingssatellittane i polare baner rundt år 2002.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1999 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.